Fjelltur till Jotunheim (Telt) / Mountain Trip to Jotunheim (Tenting)

Fjelltur till Jotunheim (Telt) / Mountain Trip to Jotunheim (Tenting)


Arrangør: OSI Friluft
Påmeldingsfrist: 06.10.2023 23:00

Tid


Pris

Påmelding fra kr 170,00 inkl. avgifter

Helgja 6.-8. oktober pakkar vi telta og kokeutstyret for hauststemning i Jotunheimen. Tidleg fredagsmorgonen (kl. 07.00) køyrer vi til Sognefjellshytta (400 km frå Oslo) og går dei 14,5 km til Skogadalsbøen, kor vi slår opp telta og lagar felles middag. Viss veret og føret er med oss laurdagen tek vi turen mot Fannaråken (2068 moh), og krysser Fannaråkbrean nedatt for leirslaging innpå Sognefjellet. Sundag ligg det an til enkel retur til Sognefjellshytta, og evtentuelt nokon artige påfunn i Bøverdalen på veg til Oslo att.


OBS! Turplanen kan endre seg betydeleg utifrå værmelding og føre!


Obligatorisk ferdråd (turplanleggingsmøte) utanfor Athletica Blindern kl. 18.00 torsdag 28. september. Viss du er interessert i turen, men ikke har høve til å stille på dette, ta kontakt med ein av turleiarane nedanfor!


Plassar: Tre prioriterte plassar for bilistar/ sjåførar, totalt ni plassar.


Pris: 600 kr, inkl. middag fredag (laurdag er kvar deltakar ansvarleg for seg sjølv, men vi oppfordrar å danne kokelag på ferdrådet. Her blir det òg moglegheit til å låne manglande utstyr frå OSI Friluft.

Pakkeliste: Detaljert pakkeliste kjem, men ein bør vera budd på vintertemperaturar og snø. Varm sovepose, liggjeunderlag, telt (kan lånast!), kokeutstyr (kan delast på), gode fjellsko, varme klede for alskens vér og uvér og hovudlykt for å nemne noko.

Påmelding: Registreringsskjema (Google Docs) opnar fredag 22. september kl. 20.00. Ni plassar og i utgangspunktet fyrstemann til mølla, men ansvarlege turleiarar vil gjera ei prioritering basert på medlemar med bil, sertifikat og generell fjellerfaring.


Here is the link for Google Docs. Don't submit before 20 00.

https://forms.gle/XoL4eUqd4bU1N2jF6

______________________________________________________________________________________

English version by one of the tour leaders (might be updated soon ;):

From October 6th to 8th, we're packing our tents and cooking gear for an autumn adventure in Jotunheimen. Early Friday morning (at 07:00), we'll drive to Sognefjellshytta (400 km from Oslo) and hike the 14.5 km to Skogadalsbøen, where we'll set up our tents and prepare a communal dinner. If the weather and conditions are in our favor on Saturday, we'll embark on a trip towards Fannaråken (2068 meters above sea level) and cross the Fannaråk Glacier on our way back for camping near Sognefjellet. Sunday is likely to be a straightforward return to Sognefjellshytta, with the possibility of some fun activities in Bøverdalen on the way back to Oslo.

Please note: The trip plan may change significantly based on weather forecasts and conditions.

There will be a mandatory trip planning meeting outside Athletica Blindern at 18:00 on Thursday, September 28th. If you're interested in the trip but can't attend this meeting, please contact one of the trip leaders listed below.

Spaces: Three priority spaces for drivers, totaling nine spaces in all.

Price: 600 NOK, including dinner on Friday (Saturday, each participant is responsible for themselves, but we encourage forming cooking teams during the trip planning meeting. You'll also have the opportunity to borrow any missing equipment from OSI Friluft).

Packing List: A detailed packing list will be provided, but be prepared for winter temperatures and snow. Bring a warm sleeping bag, sleeping pad, tent (can be borrowed!), cooking equipment (can be shared), sturdy hiking boots, warm clothing for all kinds of weather, a headlamp, and more.

Registration: The registration form (Google Docs) opens on Friday, September 22nd, at 20:00. There are nine spots available, and it's initially first-come, first-served. However, responsible trip leaders will prioritize members with cars, driver's licenses, and general mountain experience.

Here is the link for Google Docs. Don't submit before 20 00.

https://forms.gle/XoL4eUqd4bU1N2jF6



Administratorer


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.